Pressemelding, 25.02.2014

Nr.: 13/14

Kulturdepartementet innfører ny gåveforsterkingsordning på 10 mill.

Regjeringa har innført ei ny gåveforsterkingsordning som gjeld pengegåver til kunstinnkjøp til nasjonale og regionale kunstmuseum og pengegåver for å setje i stand norske museumsanlegg. Det er sett av ei løyving på 10 mill. kroner til ordninga i 2014.

Museum som får ein pengegåve som oppfyller vilkåra i ordninga, kan søkje Kulturdepartementet om gåveforsterking. Den statlege gåveforsterkinga vil vere på 25 prosent. Det vil seie at dersom ordninga blir brukt fullt ut i 2014 vil musea totalt kunne motta 50 mill. kroner; 40 mill. i gåver og 10 mill. i statleg forsterking.

- Vi ynskjer å stimulere til ein auke i private investeringar i kulturlivet. Private midlar og engasjement er eit viktig supplement til offentleg finansiering, seier kulturminister Thorhild Widvey. Vi legg opp til at 2014 vil vere eit prøveår, og vi vil vurdere å justere eller utvide ordninga på grunnlag av dei røynslene vi gjer oss i år.

Det vil vere totalt 72 museum som vil kunne søkje om gåveforsterking i 2014. Desse er Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, musea i det nasjonale museumsnettverket, som mottek støtte over statsbudsjettet, og dei samiske musea som får fast driftsstøtte frå Sametinget.

Kulturdepartementet har utarbeidd retningsliner for ordninga. Retningslinene

Søknader om gåveforsterking vil bli prioriterte i den rekkefølgja dei blir mottekne.

 

Museumsdirektør Olav Aaraas på Norsk Folkemuseum viser Thorhild Widvey restaureringsprosjektet av forretningsfamilien Andresens gamle salong. (Foto: KUD/Wenche Stadven Nybo)

 

 

 

 

Andre relaterte dokument