Pressemelding, 01.01.2014

Nytt, større og moderne

Frå årsskiftet fekk Noreg eit nytt og større departement for modernisering og utvikling av offentleg sektor.

– Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har store ambisjonar om å fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor. Vi skal bidra til å rydde veg i unødig regelverk, og vi skal vere spydspissen i jakta på tidstjuvar og ineffektive arbeidsmåtar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Då han gjekk inn som statsråd i Solberg-regjeringa i oktober, fekk han ansvar både for Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og planavdelinga i Miljøverndepartementet.

Nå er dei 425 medarbeidarane samla i eit departement under ein minister.Sanner ser kraftsamlinga som naturleg og naudsynt for å realisere dei ambisjonane regjeringa har om ein offentleg sektor som fungerer betre og gjev innbyggjarane raskare og betre hjelp.

Sanner minner om at to av prosjekta i regjeringsplattforma frå Sundvolden sorterer inn under KMD. Det eine er ei meir effektiv forvaltning, det andre er å sikre at vi har kommunar som er rusta for framtida.

– Vi vil jobbe systematisk for å skape ein enklare kvardag for folk flest, enten dei treng god velferd eller effektiv forvaltning.  Det er også viktig å rette merksemda mot arbeidsmåtar og leiing i forvaltninga. Vi må sikre at dei dyktige medarbeidarane i stat og kommune kan bruke meir av tida til å løyse viktige arbeidsoppgåver, seier Sanner

– Vi er i også gang med arbeidet for å styrke lokaldemokratiet. Det handlar om sterkare lokalt sjølvstyre og mindre statleg detaljstyring, om å gjennomføre ei kommunereform som vil gje innbyggjarane betre tenester i dag og i framtida. Meir robuste kommunar kan få fleire oppgåver og meir ansvar, seier statsråden.

Han går med på at arbeidsoppgåvene blir mange og store. – Då er det viktig å setje klare krav og tydelege mål. Vi må sjå dei store samanhengane og utfordre systema viss vi skal lukkast med å gjere endringar som samfunnet merkar, seier Sanner.

Han minner om at regjeringa ønskjer ei samfunnsutvikling prega av meir tillit til det einskilde menneske, frivillige organisasjonar, lokalsamfunn og gründerar. – Samfunnet skal skapast og utviklast nedanfrå – ikkje bli detaljstyrt ovanfrå. Det gjev både meir mangfald, mindre byråkrati og større gjennomføringskraft for dei store politiske prosjekta, seier statsråden. 

I tillegg til å samordne moderniseringspolitikken i regjeringa, har KMD ansvaret for områder som plan- og bygningsloven, bustadpolitikk, nasjonal IKT-politikk og digitalisering, kommuneøkonomi, val, personvern, forvaltningspolitikk, regional- og distriktspolitikk, statlig bygg- og eigedomspolitikk, statleg arbeidsgjevarpolitikk og same- og minoritetspolitikk. Departementet har også ansvar for ei rekke underliggjande etatar og verksemder.

Nytt, større og moderne