Pressemelding, 05.11.2013

Nr.: 50/2013

Presseinvitasjon:

Pressekonferanse om tilleggsproposisjon for statsbudsjettet 2014

Regjeringa sitt framlegg til tilleggsproposisjon for statsbudsjettet 2014 vert lagt fram fredag 8. november klokka 10.00. Finansminister Siv Jensen si pressekonferanse startar klokka 12.00 i Plenumssalen i R4. Budsjettdokumenta kan hentast frå kl. 10.00 utanfor Plenumssalen i R4 (Inngang frå Møllergata 17).

Kl. 06.30: Finansminister Siv Jensen er tilgjengeleg for ein kort kommentar til pressa. Kontaktperson for finansministeren om opplegg og oppmøtestad er statssekretær Ole Berget, tlf. 473 53 709. Han vil vere til stades frå kl. 06.15. Vær venleg og vis omsyn til bebuarane i området.

Kl. 10.00: Finansminister Siv Jensen presenterer tilleggsproposisjonen i Stortinget. Talen til finansministeren vert overført for journalistar på storskjerm i Plenumssalen, R4. Pressehefte og budsjettdokumenta er tilgjengelege på regjeringen.no frå klokka 10.00.

Tilleggsproposisjonen vert òg presentert på statsbudsjettportalen www.statsbudsjettet.no. I tillegg til budsjettdokumenta og pressestoff inneheld nettportalen ei A-Å-oversikt over aktuelle tema.

Kl. 12.00: Finansministeren held pressekonferanse i Plenumssalen, R4. Inngang frå Møllergaten nr 17. Pressekonferansen vert overført direkte på Nett-TV.

Budsjettdokument i papirversjon kan hentast frå klokka 10.00 i Plenumssalen, R4. Hovudregelen er eitt sett per person. Dei som ønskjer fleire eksemplar, kan tinge hos Fagbokforlaget (). Offentleg sektor kan bestille hos Departementenes Servicesenter ().

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo

 

Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo

Finansdepartementet

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo

 

Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo