Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Nyhet, 12.11.2008

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet (Opprettet 01.10.2004)

Status: Arkivert

Havressurslova omsett til samisk

Havressurslova skal frå 1. januar erstatte saltvassfiskelova. Havressurslova vil saman med deltakarlova utgjere det rettslege grunnlaget for fiskeria i Noreg. Havressurslova vil gje heimel til dei årlege reguleringsforskriftene, teknisk regelverk og reglane om ressurskontroll.

Både saltvassfiskelova og deltakarlova finnst i dag på nordsamisk. For å sikre at alle næringsutøvarane har tilgang til viktig regelverk på sitt eige språk, meiner departementet det er rett at havressurslova skal vere tilgjengeleg på nordsamisk før lova tek til å gjelde. 

Havressurslova på nordsamisk:

Havressurslova - Láhka luđolaš mearraresurssaid hálddašeami birra (mearraresursaláhka).